40 lensmannskontor fjerna i 2017

Før nyttår blir dørene låste for godt på mange av lensmannskontora her i landet. Neste år forsvinn om lag 80 fleire. – Trist, seier lensmann gjennom 30 år.

Samnanger lensmannskontor

STENGT: Lensmann i Samnanger, Terje Sperrevik, har tatt inn skiltet. No er lensmannskontoret historie.

Foto: NRK

Onsdag hadde lensmann Terje Sperrevik siste dag på kontoret i Samnanger. Skiltet på veggen blei tatt ned.

Dagen før låste lensmann Kåre Ravn Ottesen tysdag døra på kontoret i Sveio for godt.

Mange kommunar har denne månaden opplevd at lensmannskontoret forsvinn. Til saman i 2017 blir 40 kontor lagde ned. Det er nærpolitireforma som slår inn.

Sveio lensmannskontor

LAGT NED: Sveio lensmannskontor er historie. Mange kontor stenger dørene for godt før nyttår.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Eg synst det er veldig trist for folk som bur i Sveio. Mange har hatt eit forhold til politiet her, seier Ottesen.

Mannefall for norske politikontor

I løpet av 2018 vil om lag 80 fleire kontor forsvinne. Til saman blir 126 av politiet sine tenestestader lagt ned og sju nye blir oppretta.

Når reforma er gjennomført vil organiseringa av politiet bli slik:

  • 12 politidistrikt.
  • Desse blir delt inn i 116 lensmanns- (58) og politistasjonsdistrikt (58).
  • 225 lensmannskontor og politistasjonar, der 66 er politistasjonar og 159 lensmannskontor.

Målet er at reforma skal vere innfridd innan 2020.

Vil «snakka med lensmannen»

– Det er jo nokre store lensmannskontor igjen, men eg tippar at det ikkje er lenge igjen før dei også blir kalla politistasjonar, seier Ottesen.

Han har vore med å etterforska alvorlege hendingar som Sveio-drapa og Sleipner-forliset, men for dei vel 5600 innbyggjarane i Sveio har han først og framst vore lova sin lange arm, tett på bygda.

Lensmann Kåre Ravn Ottesen

FERDIG: Lensmann i Sveio har no låst dørene for godt på lensmannskontoret.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Eldre bad framleis om å få «snakka med lensmannen» då dei kom innom. Den tida er nok snart forbi, seier han.

Alle politidistrikta gjekk gjennom si lokale organisering av lensmannskontor og politistasjonar, før endringane blei bestemt.

Her var også kommunane involverte, for å finne måtar å førebygge kriminalitet og skape tryggleik for lokalbefolkninga på.

Bygg skal erstattast av folk

I Sør-Vest politidistrikt er Sveio eitt av 9 lensmannskontor som no bukkar under for reforma.

15 av 46 lensmannskontor i Vest politidistrikt skal vekk. Berre i desember forsvinn sju kontor i politidistriktet som omfattar deler av Hordaland og Sogn og Fjordane. Samnanger er eit av desse.

Kontora som blir lagde ned frå 1. januar 2018 blir slått saman med andre lensmannskontor.

Sjølv om kontora forsvinn, skal politiet vere til stades, mellom anna med patruljar på vegane.

Kommunane som misser sitt lensmannskontor vil få ein egen politikontakt. Denne skal vera leiinga sitt daglege kontaktledd med kommunane, og rådgivar innan kriminalitetsførebyggjande arbeid.

Går over i historiebøkene

Både i Sveio og Samnanger er det vemod som pregar mange av innbyggarane NRK snakkar med når skiltet blir teke ned.

– Dette er krise i eit lite samfunn, seier ein på gata i Samnanger.

Samnanger lensmannskontor

TAR NED: Skiltet blir fjerna, og kontoret i Samnanger blir slått saman med Kvam frå nyttår.

Foto: NRK

Også lensmann Terje Sperrevik tur innbyggarane vil merke ein forskjell.

– Identiteten blir vekke, og den tette dialogen med innbyggarane som ein får over tid, blir vanskelegare å få til, tur Sperrevik.