Hopp til innhold

Hotella opnar dørene att – men veit ikkje kva dei har i vente

Sjølv om hotella opnar dørene att, seier fire av ti reiselivsbedrifter at dei planlegg å seie opp tilsette.

Hotelsjef Jørgen Christian Lindstrøm og teknisk sjef Vidar Bø gjer klar til opning av Quality hotel Sogndal

SISTE FINPUSS: Teknisk sjef Vidar Bø og hotellsjef Jørgen Christian Lindstrøm gjer inngangspartiet klart for dei første gjestane.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Me står plutseleg med blanke ark. Me må planlegge utan å vite korleis verda ser ut om nokre månader, seier Jørgen Christian Lindstrøm ved Quality Hotel Sogndal.

Med føremiddagssola i andletet assisterer han kollegaen med siste finpuss av inngangspartiet.

Hotellet som i fjor sto klart med 111 nye rom, har i sidan midten av mars stått låst og mørklagt.

– Utgangspunktet for sommaren er at me skal så langt frå 0 prosent som me var nære 100 prosent belegg tidlegare, seier hotellsjefen.

Hotellopning quality hotel sogndal

Første dag på jobb: Teknisk sjef Vidar Bø, hotellsjef Jørgen Christian Lindstrøm, salssjef Astrid Ølmheim Bjørk og (framme frå venstre) kjøkensjef Igor Gadlausks, salssjef Sigrid Bloch Helmers og kontorleiar Ine Skjerven er klare for dyst etter ein lang pause frå hotellet i hjartet av Sogndal.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

4 av 10 vurderer oppseiingar

I ei medlemsundersøking utført av NHO denne veka seier 4 av 10 reiselivsbedrifter at dei planlegg å seie opp tilsette som følgje av korona.

– Nær 80 prosent av marknadsgrunnlaget for reiselivsnæringa er vekke for årets sommar, seier Ståle Brandshaug.

Han er reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, og minner om at ferierande nordmenn skil seg frå utanlandske tilreisande på vesentleg vis.

– Det er tydeleg at nordmenn brukar mindre pengar på aktivitetar og attraksjonar. Dei vel heller aktivitetar som er gratis, enn til dømes guida turar.

– Det er nokon lyspunkt

Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, er likevel klar på at ikkje alt er mørkt:

– Mange har lukkast med å tilpasse produktet sitt for å tiltrekke seg norske gjester, og fleire små hotell ute i distrikta har gode bookingtal for sommaren. Det er nokon lyspunkt, men vi har ein lang veg å gå før vi er tilbake til normalen.

Fredag før pinse la regjeringa fram ei tredje krisepakke, der dei mellom anna forlenga kompensasjonsordninga, men varsla på same tid at ho snart skal «trappast ned og avviklast».

I tillegg annonserte regjeringa at dei vil komme med eit lønnstilskot til bedrifter som hentar attende permitterte tilsette.

– Må tenkje litt annleis

I Voss råder forsiktig optimisme etter pinsehelga.

– Det verka som om halve Vestlandet var på campingferie, seier Sandy Mathieson.

Han er dagleg leiar på Voss Camping, og «har trua på at nordmenn vil erstatte mykje av den internasjonale trafikken i fellesferien».

– Eg fryktar ikkje sesongen, men me må tenkje litt annleis, og redusere kostnader så mykje som me kan, seier han.

Også på Sandane ser det lysare ut enn for berre nokre dagar sidan.

– Telefonen har ikkje stått stille, seier hotelldirektør Petter Moen ved Gloppen Hotel.

– Slik det ser ut no skal me klare oss bra gjennom sommaren, seier han.

Administrerande direktør ved Gloppen hotell, Preben Moen

LYSARE TIDER: Preben Moen ved Gloppen hotell fekk ein knallstart på sesongen i pinsehelga.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Gledd oss til denne dagen

Attende i Sogndal er hotellsjef Lindstrøm glad for at iallfall delar av staben er attende.

– Me har gledd oss til denne dagen. Å halde stengt midt i bygda har ikkje vore noko kjekt.

I resepsjonen er det jamn trykk på telefonen.

– Det er heilt fantastisk å vere i gang att. Me har allereie fått masse bestillingar, seier salssjef Sigrid Bloch Helmers.