Hopp til innhold

362 køyrde over 150 km/t

Det er ikkje berre i Lærdalstunnelen det blir tråkka hardt på gasspedalen.

Bogstunnelen

RÅKØYRING: 362 køyrde over 150 km/t i Bogstunnelen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Tal frå Statens vegvesen synte at over 200 bilistar køyrde over 150 kilometer i timen i Lærdalstunnelen. Men ifølgje vegvesenet sine tal for 2009 køyrde langt fleire så fort i Bogstunnelen.

– Situasjonen er langt verre i Bogstunnelen, enn i til dømes Lærdalstunnelen, som har vore framme i media siste tida, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, til avisa Ytre Sogn.

Leon Nordanger, distiktssjef i Utrykkingspolitiet (UP), seier til avisa at han ikkje er forbausa over målingane som er gjort i Bogstunnelen.

– Men eg hadde likevel ikkje venta at omfanget var så stort. Det er skremmande at så mange vegarande oppfører seg slik, seier Nordanger til Ytre Sogn.

Video nsps_upload_2010_1_18_20_50_41_1022.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Villmannskøyring i Lærdalstunnelen