– På ei slik rett strekning har folk vanskeleg for å forstå den låge fartsgrensa. Bilistane skjønar kanskje ikkje heilt kvifor det skal vere 80 når vegen er av så god kvalitet, seier Djupvik til Sogn Avis.
Tryggare med høgare fart
Han meiner ein bør få køyre fortare i Lærdalstunnelen,
. Djuvik sit i trafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane.- LES OGSÅ:
Djuvik meiner det er eit tydeleg signal på at grensa må opp, fordi folk har vanskeleg for å forstå den låge fartsgrensa på ein veg av så god kvalitet. Han meiner den låge grensa fører til trafikkfarlege situasjonar.
– Det vil betre tryggleiken og medføre færre forbikøyringar, seier Djuvik.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)
VIL HA 100-SONE: Frank Willy Djuvik (Frp) vil ha 100-sone i Lærdalstunnelen.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK– Fart drep
Men forslaget får sterk motstand. Audun Heggestad i Trygg Trafikk og Magne Knudsen, lensmann i Årdal, er nokon som kritiserer forslaget kraftig.
– Fart drep, ganske enkelt. Meir treng ein ikkje å seie, seier Knudsen til Sogn Avis.
Også leiar i trafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes (Ap), går i mot forslaget.
– Framlegget seier mykje om Djuvik si trafikkforståing, seier Kjelsnes.