Hopp til innhold

300 tende faklar for fred

Kring 300 menneske deltok måndag kveld i fakkeltog for fred i Førde.

Fakkeltoget gjekk gjennom Førde sentrum.

Fakkeltog for fred gjekk gjennom Førde sentrum, frå Førdehuset til Førde Torg.

Foto: Margunn Masdal/Røde Kors Sogn og Fjordane

Fakkeltoget utrykte ei sterk uro over den humanitære situasjonen i mange konfliktområde. Mellom anna i Gaza .

- Det vart ei flott markering. Med det veret som var meldt, så trudde eg aldri at så mange ville stile, seier koordinator Margun Masdal i Røde Kors Sogn og Fjordane.

Heldt appell

Amnesty Førde, Røde Kors Førde, KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Førde Idrettslag og Norsk Sykepleierforbund arrangerte fakkeltoget. Oddgeir Lunde i Norsk Sykepleierforbund heldt ein kort appell før fakkeltoget starta ved Førdehuset.

- Bakgrunnen for engasjementet er ei sterk uro over den humanitære situasjonen i mange konfliktområde. Retten til å få og gje hjelp til naudlidande er ein grunnleggande menneskerett. Konflikten i Gaza har synlegjort trongen for å verne om internasjonale vedtekne lover og konvensjonar, sa Lunde.

Roleg markering

Oppmodinga frå fakkeltoget var at krigshandlingane i Gaza blir stogga, at den humanitære hjelpa kjem fram og at konfliktane blir løyst politisk og ikkje militært. Fakkeltoget gjekk gjennom sentrum til Førde Torg.

- Det vart ingen kjedelege episodar. Vi ynskte ein stille aksjon, heller enn ein verbal aksjon, seier Masdal og er nøgd med fakkeltoget.