Ordførarar med bøn til Israel

Seks ordførarar i Norge ber Israel instendig om å straks stogge krigen i Gaza.

Ordføraropprop mot krigen i Gaza.

Brevet som seks kommunar har sendt til den israelske ambassaden i Oslo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kommunar med sterke vennskapsband til palestinske kommunar, er djupt uroa for utviklinga i Gaza. Dei har no skrive brev til Israel sin ambassade i Oslo med bøn om å stogge krigen .

- Vi har sett og blir opprørte over tilstande på Gaza som er eit resultat av den aggressive krigføringa som staten Israel fører over palestinarane der, seier ordførar i Lærdal, Arne Sanden.

Starta i Lærdal

Det er vennskapslaget i Lærdal som har teke initiativ til brevet. Dei har fått med seg ordførarane i Tromsø, Sarpsborg, Trondheim, Hamar og Stavanger i brevet.

- På vegner av folket i kommunane våre ber vi på det sterkaste Israel om å stogge krigen og la humanitære organisasjonar få kome inn i Gaza, i tråd med Genevekonvesjonen og humanitære lover og reglar, skriv dei.

Kan ikkje forsvarast

Vidare skriv ordførarane at dei respekterer den israelske regjeringa sin rett og plikt til å forsvare borgarane sine.

- Men konsekvensane av aksjonane mot Gaza den siste tida, kan ikkje på nokon måte forsvarast. Slik valdsbruk vil aldri føre til fred og tryggleik, verken for det israelske eller for det palestinske folket i regionen.

- Stogg krigshandlingane

Ordførarane er uroa for den humanitære situasjonen i Gaza. Fleire sivile er drepne og skular, moskear og andre sosiale institusjonar er lagt i ruinar. Situasjonen vedkjem også vennskapskommunane deira i Norge, skriv dei.

- Vi oppmodar difor Israel på det sterkaste om straks å stogge krigshandlingane, forlate Gaza og opne grensene for humanitær hjelp, medisin og mat, slik at det kan bli mogleg å byggje ei ny framtid i landet.

- Skaper humanitære problem

Ordførar i Sanden i Lærdal vil ikkje hevde at dei tek stilling til konflikten som har oppstått i Israel. Den vesle kommunen inst i Sogn har Jeriko som vennskapsby.

- Vi tek stilling til at krig ikkje løyser noko problem, heller ikkje i denne samband. Derimot skaper ein mange humanitære problem. Det er det vi reagerer på no. Det er grufult å sjå kvinner og barn gå gjennom slike lidingar, seier han.

- Det nyttar

Lærdalsordførar Arne Sanden og samferdsleminister Liv Signe Navarsete

Arkivfoto av Lærdalsordførar Arne Sanden. Her saman med samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sanden er viss på at det nyttar å engasjere seg i saka. Totalt har 650 menneskeliv gått tapt, medan 2 900 personar er skadde. Av dei omkomne er 210 barn og 90 kvinner.

- Det einaste som hjelp er å bry seg. Det gjer vi. Eg trur at sterkt press frå alle kantar av verda også har verknad på dei som styrer i Israel og regjeringa. Eg er sikker på at det nyttar, seier han.

Denne artikkelen er no sperra for kommentering. NRK takkar for innlegga.