Flatland er godt nøgd med tredjeplassen på 7,5 km under sesongens første renn.
– Eg synest det var eit bra løp eigentleg. Eg hadde éin bom på skytinga og gjekk bra på ski synest eg, seier ho til NRK etter løpet.
Ho er mest fornøgd med den ståande skytinga, der det blei fem treff.
– Eg stod og kjempa og brukte lang tid, men dei datt ned og det er eg fornøgd med.
- LES OGSÅ:
Blei stiv i sporet
Flatland hadde like mange bom som Henkel på førsteplass, men gjekk saktare i sporet. Sjølv fortel ho at ho var stokk stiv.
– I siste runda kjende eg at eg gjekk på ein smell. Eg fekk det litt i bakken på slutten, så eg hadde stive føter, fortel Flatland.
Andrea Henkel frå Tyskland vann rennet, føre Marie Dorin-Habert frå Frankrike.
Blei for ivrig på ståande
Johannes Thingnes Bø frå Stryn skaut feilfritt og leia etter liggande skyting på herrane sin 10 km. Men han blei for ivrig på den ståande skytinga der han fekk ein bom. Han enda til slutt på ein 7. plass.
Emil Hegle Svendsen vann løpet, føre Ole Einar Bjørndalen og franske Simon Desthieux. Storebror Tarjei Bø valde å stå over rennet
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
SJÅ VIDEO: Johannes Thingnes Bø frå Stryn blei for ivrig på ståande skyting.