Hopp til innhold

56 smitta knytt til skipsverft – ordførar ber regjeringa gripe inn

HYLLESTAD (NRK): Rundt 50 av dei tilsette på skipsverftet Havyard i Ytre Sogn er smitta av korona. Kommunen er no på over 100 gonger raudt smittenivå.

Ordførar Kjell Eide i Hyllestad.

KREV ENDRING: Hyllestad-ordførar Kjell Eide er uroa over at utanlandsk arbeidskraft har ført til ein alvorleg smittesituasjon i den vesle kommunen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Dei smitta er busett i Hyllestad og nabokommunen Høyanger i Vestland. Alle er tilsette ved verftet eller nærkontaktar av desse.

Talet smitta har auka frå 10 for fem dagar sidan til 56 måndag kveld.

Kor smittekjelda er, er framleis ukjend. Men dei fleste som no er smitta er utanlandske arbeidarar som jobbar på verftet.

No krev ordførar Kjell Eide i Hyllestad at regjeringa grip inn og vurderer strengare reglar for arbeidsinnvandring til industrien.

I dag held det at dei som kjem frå EU og EØS-land blir testa ved framkomst Noreg. Dersom dei testar negativt er det rett ut i jobb.

– Eg tenker at ein bør gjennomgå ordningane og sjå om det eigentleg er forsvarleg, seier ordførar Kjell Eide.

Verftet har testa alle

52 personar er smitta og over 500 er i karantene i den vesle kommunen Hyllestad i Ytre Sogn, som berre har om lag 1300 innbyggjarar. I nabobygda Lavik er fire personar smitta. Totalt er 56 med tilknytning til verftet smitta.

Verftet med over 400 tilsette er stengd ned og alle tilsette er testa.

– Men vi ventar framleis svar på mange av prøvene, seier ordføraren.

No forventar han at regjeringa vurderer regelverket for arbeidsinnvandring på nytt.

– Det er alvorlege konsekvensar og då må ein spørje om reglane er for snille. Eg trur ikkje dette slår inn berre i verftet hos oss, eg trur det kan kome i fleire verft, seier Eide.

Havyard-verftet er den desidert største arbeidsplassen i regionen Ytre Sogn med over 400 tilsette. Av dei er over halvparten innleigd arbeidskraft frå utlandet.

– Treng arbeidskrafta

Dagleg leiar ved skipsverftet, Erlend Hatleberg, seier til NRK at dei no jobbar hardt for å få oversikt på smitteutbrotet.

Men han er tydeleg på at dei treng tilgangen på arbeidsfolk frå utlandet for å halde hjørnesteinsverksemda i gang.

– Det er klart at det er ein risko når det kjem folk frå raude land. Vi må handtere det slik at vi varetek smittevern på best mogleg måte, seier Hatleberg.

Verftet klarer ikkje å halde oppe den naudsynte produksjonen med berre lokalt tilsette, slår han fast.

– Det får konsekvensar for drifta vår dersom det blir nedstenging av tilførselen av arbeidskraft, seier Hatleberg.

Erlend Hatleberg er direktør på Havyard i Leirvik.

TESTAR ALLE: Erlend Hatleberg er dagleg leiar på Havyard-verftet i Leirvik i Hyllestad.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Lagar smittehotell på verftet

Hyllestad kommune sender i alt 15 av dei nye smitta til Bergen og smittehotellet på Danmarksplass tysdag morgon. Dermed er om lag 30 av dei smitta plassert der.

Dei resterande 26 og eventuelt andre som er smitta bur i stor grad i brakkeriggar på verftsområdet.

Der skal kommunen i samarbeid med Havyard etablere eit lokalt smittehotell.

– Utfordringa no er å få kontroll på dei smitta, det er det som er bøygen no. Vi kan ikkje ha dei gåande i lag med andre, seier ordførar Kjell Eide.

Vil ikkje endre regelverket

Fleire stader har det kome meldingar om smitte knytt til bedrifter som nyttar utanlandsk arbeidskraft, blant anna i Askvoll kommune i Sunnfjord.

Likevel ønskjer ikkje NHO å endre regelverket som gjer det lett for bedriftene å ta inn i arbeidskraft frå «raude land».

Først må ein finne ut kvifor smitten har oppstått, meiner NHO-sjef Nina Melsom.

– Vi har stor forståing for at smittevern er viktig. Det er viktig for dei tilsette, det er viktig for bedriftene og befolkninga. Difor må ein no jobbe for å få innsikt i kva som har skjedd i desse sakene, seier Melsom.