Sjå bilete av sommarlivet i oktober
Michael Haukeland er ute og nyt godveret. Foto: Heidi Lise Bakke.
På den offisielle målestasjonen på Hauge på Sandane kraup kvikksølvet over 21 grader fredag. Og ein av dei mange som var ute i godvêret var Michael Haukeland på Sandane. Han er elev ved Nordfjord folkehøgskule og feira godveret med ein sykkeltur berre kledd i bukse.
Dobbeltsjekka termometeret
I Selje var temperaturen 21,7 grader, og både på Vigra og Ørsta i Møre og Romsdal vart det målt 21,5 grader fredag morgon. Reidar Holen i Olden måtte dobbeltsjekke termometeret.
- Då eg stod opp såg eg at målaren stod på 19,7 grader. Eg vart nysgjerrig på kor varmt det hadde vore tidlegare på natta, så eg sjekka på målaren min. Og den viste altså 22,9 grader, fortel han.
Mild luft frå sør
- Det er svært mild luft som kjem frå sør som gjev desse høge temperaturane, seier statsmeteorolog Åge Aasen.
Det er spesielt at det er så varmt i slutten av oktober, men han seier temperaturane varierer ganske mykje. - Stader der vinden ikkje tek, er temperaturen under ti grader, seier meteorologen.
Kaldare i Sogn
Så sjølv om det er varmt enkelte stader i fylket, er det altså lågare temperaturar andre stader. I Vik i Sogn meldte dei om 4 grader og i Fjærland var det berre 3 grader i morgontimane fredag.