Hopp til innhold

Mann mista livet i brann i bustadblokk

Politiet stadfestar no at ein person omkom i ein brann i ei terrasseblokk i Sogndal natt til søndag.

Brann på Ulvahaugen i Sogndal

KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Rundt klokka halv fire natt til søndag blei det meldt om brann i ei bustadblokk i Sogndal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / porten.no

18 personar blei natt til søndag evakuert då det tok til å brenne i ei av bustadblokkene på Ulvahaugen i Sogndal. Dei blei alle frakta til det nærliggjande omsorgssenteret.

– Brannen blei meldt rett før klokka halv fire i natt om at det var brann og kraftig røykutvikling, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle, til NRK.

Alle naudetatane rykte ut og det blei sett i gang evakuering av alle husværa i blokka.

– Totalt blei det evakuert 18 personar. Ein person vart meldt sakna og det var bebuaren i det husværet der brannen hadde starta, opplyser Geitle.

Røykdykkarar tok seg inn i mannen sitt husvære og fann då ein omkomen person.

– Politiet trur då at det er den personen som budde der som er funnen. Pårørande er varsla, fortel operasjonsleiaren.

Politiet vil førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.

– Vi har sperra av åstaden no og det må kjøle seg ned. Så vil politiet setje i gang med kriminaltekniske undersøkingar for å finne årsaka til kva som har skjedd.

Ulvahaugen terrasse har blitt bygd ut i fleire rundar og bustadblokkene ligg berre nokre hundre meter frå kjøpesenter og skuleområde i Sogndal.

Brannstasjonen i Sogndal ligg også like ved bustadblokka og brannmannskapa såg opne flammar då dei køyrde til stasjonen i natt.

– Vi kom raskt på plass. Politi og bebuarar var også raske med å setje i gang med å evakuere husværa i blokka, seier sjef for Sogn brann- og redning, Vidar Trettenes til NRK.

Brannmannskapa klarte å hindre brannen i å spreie seg til andre husvære, men dei melder om ein del røyk- og vasskadar i bygget.

OMFATTANDE: I alt 18 bebuarar blei evakuerte frå bustadblokka i Sogndal. Ein mann blei funnen omkomen.

Brann på Ulvahaugen i Sogndal

STOR UTRYKNING: Mannskap frå fleire brannstasjonar i Indre Sogn rykte ut då det kom melding om brann i bustadblokka i Sogndal.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / porten.no