Hopp til innhold

Her vart 18-åringen målt til 209 km/t – med to kameratar i bilen

– Eg vil helst bruke sterkare ord, men nøyer meg med risikoviljeåtferd, seier Up-sjef.

Korgfjelltunnelen

HØG FART: Politiet har gjort fleire høge målingar i Korgfjelltunnelen på E6 mellom Knutli og Korgen i Nordland. Målinga i mars var skremmande.

Foto: Frank Nygård / NRK

Geir Harald Marthinsen, leiar for Utrykkingspolitiet i nord, har ikkje sett liknande lasermåling.

Vestlendingen sjølv kallar fartsoverskridinga for «toskeskap», som fleire har lært av.

40 dagar fengsel og tre år og to månadar utan førarkort, gjer at 18-åringen står utan jobb når han er ferdig med utdanninga.

– Eg har sett meg sjølv i fella, men får som fortent. Det er min eigen feil, seier han.

Vel vitande om at det kunne gått verre.

I ettertid kan ein seie at køyreturen enda bra. Med slik fart, så veit ein utfallet om det skulle skje ei ulukke, seier Marthinsen.

Angrande syndar

På veg heim med nykjøpt bil vart freistinga for stor til å teste akselerasjonen då isdekket på E6 vart til over åtte kilometer asfalt i Korgfjelltunnelen i Nordland. Med seg i bilen hadde han to kameratar.

«Testen» gjekk til 209 km/t. Det er 80-sone i tunnelen.

Distriktsleder i Utrykningspolitiet Nord-Norge, Geir Harald Marthinsen.

ATK: Up-leiar i nord, Geir Harald Marthinsen, håpar fleire utsette tunnelar kan få snittmåling. – Men det er politikk, og dei som set med makt og mynde har eit stort ansvar, seier han.

Foto: Pressefoto

Det fortel om ein risikovillig ungdom som sit bak rattet, og ikkje heilt forstår følgjene om noko skjer, seier Marthinsen.

Bilføraren er langt på veg samd. Han tenkte risiko, men ikkje langt nok.

Fokusert på vegen, såg han ikkje på speedometeret. Så vart han vinka inn.

– Eg forstod med det same kva det var, og ville stå for det som var gjort, seier han.

– Aldri målt så høgt

I 2018 vart ein mann i 20-åra dømd til fengsel i 60 dagar, og frådømd førarkortet i 48 månader. Han filma seg sjølv i mellom 250 og 270 km/t i Korgfjelltunnelen.

Marthinsen seier at Politiet er kjende med fleire alvorlege fartsoverskridingar både i denne og andre tunnelar.

Patruljen vart likevel sjokkerte over lasermålinga i slutten av mars.

– Eg byrja i Up i 2007, men har aldri vore med på ei så høg lasermåling her nordpå, seier han.

– Er sjanselaus

Fartsoverskridinga skjedde kortvarig på kveldstid, og på ei rett og oversiktleg strekke. Det var lite trafikk.

– Farepotensialet aukar likevel ved at køyringa skjedde inne i ein tunnel, der det ikkje var mogleg å vike utanfor vegbana utan å hamne i tunnelveggen, skriv tingretten.

Høgare fart minskar marginane og oppfatninga av trafikkbiletet. Også for møtande trafikk.

Du er sjanselaus til å styre unna ei kvar hindring, om det er trafikantar, ein isklump eller steinnedfall. I dette tilfellet ville ei punktering vore katastrofal, seier Marthinsen og held fram:

– Går det gale i ein slik fart, så veit vi utfallet. Det blir ei stygg ulukke.

Mange har lært

Den tanken har også slått den unge vestlendingen. I ettertid. Han vedgår å ha tenkt mykje over fartsoverskridinga. Han rår frå å følgje i hans eksempel.

– Eg har lært. Kompisar har lært. Mange andre rundt meg har lært. Det er ikkje verdt det. Ein skal ikkje utsetje seg sjølv eller andre for slikt, seier han og forsikrar:

– Når eg får lappen att, så skal eg halde meg til fartsgrensene. Det er sikkert og visst.