Hopp til innhold

Denne fotoboksen har berre stått på 11 timar i år

Tal frå Statens vegvesen viser at det er stor variasjon i kor mange driftstimar kvar fotoboks har.

Fotoboks 4, Knappetunnelen

IKKJE ALLTID OPERATIV: Fotoboks 4 i Knappetunnelen i Bergen har fungert 11 timar i år.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Viss ein sett klampen i botn, er det alltid ein sjanse for at ein blir tatt for å bryte fartsgrensa.

Så langt i år har nordmenn betalt over 120 millionar kroner i bøter for å gje litt for mykje gass.

Men då må fotoboksane fungera. Der er det stor variasjon frå fotoboks til fotoboks. Det viser tal frå Statens vegvesen, som tar for seg første halvår i 2021.

Fotoboksar med færrast driftstimar (topp 10)

Plassering

Driftstimar

Knappetunnelen sør 4, Bergen

11

Øksnevad sør, Klepp

73

Frya - Hundorp, Sør-Fron

161

Fodnes sør, Lærdal

168

Bruflat - Eina, Vestre Toten

168

Kalbakken, Oslo

170

Slemdalsveien, Oslo

255

Sagelva vest, Bodø

289

Straume, Øygarden

304

Lørentunnelen, Oslo

319

Ekspander/minimer faktaboks

Forskjellar skuldast ofte driftsproblem

Tala er talt opp etter det har gått 4344 timar av 2021. Men fotoboks nummer 4 i sørgåande løp i Knappetunnelen i Bergen har berre 11 driftstimar.

Altså har fotoboksen vore ute av stand til å registrere råkøyrarar i 99,7 prosent av året.

Gjennomsnittet ligg på 2386 timar i år.

Fungerande einingsleiar i Utrykkingspolitiet, Inger Torill Lindseth Mahle, seier at årsakene til at ikkje alle er oppe og går til ei kvar tid, skuldast driftsproblem av ymse slag.

Knappetunnelen

DEFEKT: Fotoboksen ved Knappetunnelen i Bergen har vore operativ i litt under eit halvt døgn i løpet av året.

Foto: Statens Vegvesen

Men kan ein då sleppe straff for å køyre for fort forbi ein fotoboks som ikkje alltid er operativ?

– Ja, det kan du. Men når du køyrer for fort forbi ein fotoboks, tek du ein sjanse. Ingen veit om ein blir tatt før boksen er passert og forenkla førelegg kjem i posten, seier Lindseth Mahle til NRK.

Einingsleiaren seier det ikkje lønar seg å gje ekstra gass sjølv om fotoboksane ikkje fungerer.

– Risikoen for å bli tatt av politiet er der, for politiet varslar heller ikkje om kontrollane sine, seier Lindseth Mahle.

– Burde fikse fotoboksen

Kari Vassbotn, regionsleiar i Trygg Trafikk, er kritisk til at fotoboksen ikkje fungerer.

– Eg synest det er merkeleg at ein ikkje klarar å få i stand ein fotoboks. Ein burde setje inn ressursar og få den fiksa, seier ho.

Kari Vassbotn, Trygg trafikk

KRITISK: Kari Vassbotn, regionsleiar i Trygg Trafikk, ynskjer at fotboksen vert fiksa.

Foto: Ola Helness / NRK

Ho seier fotoboksar generelt er eit bra sikkerheitstiltak.

– Det er synd dei ikkje blir brukt til det fulle. Det er ein utfordring at nokon slepp unna, samstundes som andre blir tatt. Da blir det ikkje likskap for lova, seier ho.

Men dei fleste fotoboksane i Noreg fungerer. Nedanfor kan du sjå dei ti mest utbytterike fotoboksane i Noreg, så langt i år.

Her får flest bot (topp 10)

Plassering

Forenkla førelegg

Rælingstunnelen, Ræling

1055

Øyertunnelen, Øyer

1001

Otta Sør, Sel kommune

715

Åneby, Nittedal

676

Hovet/Brattås, Porsgrunn

648

Knappetunnelen sør 1, Bergen

506

Baneheitunnelen Nord, Kristiansand

488

Svartskog mot Oslo, Nordre Follo

475

Fløyfjellstunnelen sør, Bergen

459

Øksna sør, Elverum

444

Ekspander/minimer faktaboks

– Verkar ved at dei står der

Men erfaring viser at sjølv om dei ikkje fungerer, sakkar bilistar framleis ned i det dei får auge på fotoboksar.

– Heldigvis verkar fotoboksane heile tida med at den står der den gjer. Den er godt synleg, er varsla med skilt og gjer at alle som køyrer for fort, sakkar farten når dei ser ein fotoboks for å unngå å få bot, seier Lindseth Mahle.

Nytt skilt varsler strekningsmåling

EFFEKTIVE: Strekningsmålingar er effektive for at folk held farten under fartsgrensa.

Foto: Statens vegvesen

Einingsleiaren meiner at automatisk trafikkontroll er eit av dei beste tiltaka der ein har problem med fart.

– Punktmålingar gjev 30 til 50 prosent færre drepne i tre kilometer før og etter fotoboksen. Strekningsmålingar halverer talet på skadde og drepne, seier Lindseth Mahle.