– Jo, det er litt harry, innrømmer Ståle Daae Børnes.
I fjor fekk bilen hans eit noko utradisjonelt bilskilt. I garasjen heime på Søre Øyane utanfor Bergen står det ein sølvgrå Mercedes med bilskiltet «HADABRA».
– Vi må ha litt humor i kvardagen, og vere litt folkelege. Eg synest det er akkurat passe harry, seier han lattermild.
Børnes er ein av 1600 som fekk eit nytt personleg bilskilt i fjor. Sidan ordninga blei til i 2017 har nesten 7000 nordmenn skifta ut tal og nummer til fordel for namn, symbolikk og humor i bilskilta.
Inspirert av Lothepus
– Eg har selt båtar for Lothepus tidlegare, og han sa ofte «Ha-da-bra» når han gjekk. Eg seier det sjølv også, så når eg fekk meg denne bilen så tenkte eg at eg måtte ha det på bilskiltet.
Bilen til Børnes er av det raske slaget. Med 714 hestekrefter er køyreturane til Børnes ein lydfull affære.
– Eg har jo sett situasjonar for meg der eg står fremst på raudt lys, og når dei bak akkurat har lest bilskiltet og tenkjer «Kva meiner han med «HADABRA"», så høyrer dei berre eit brak, og så vart det fort «HA-DA-BRA». Men det er berre tenkte situasjonar, sjølvsagt, seier han med glimt i auge.
Kjønnsord og banning
Sjølv om lista over originale namn på bilskilt er både lang og kreativ, er det ikkje fritt fram i val av ord. Statens vegvesen har ei lang liste over ord som ikkje høyrer heime på bilskilt, og som er blitt avvist.
– Vi tillèt ikkje ord som er støytande. Kjønnsord og bannord blir òg avvist, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Heidi Øwre.
Forbodne ord som «Faen», «Satan», «Kålhåve» eller «Rævhål» får altså ikkje pryde fram- eller bakenden til norske bilar.
- Les også:
«TACOKONGEN»: I Trondheim køyrer Vegard Myhre – som kallast tacokongen blant vener – rundt med dette skiltet.
Foto: privatFantasifulle bileigarar
At folk er fantasifulle når det gjeld bilskilt, er det ingen tvil om. I Hordaland finn du blant anna:
- Snusfri
- Hufsa
- Lydmann
- Levmer
- Doitnow
- Godtid
- Besto
- Brann
- Nohurry
Og i 2018 har Svalbard fått sitt fyrste, og einaste personlege bilskilt, nemleg: «Isbjørn».
Brukte over 17 millionar på bilskilt
Blei du inspirert, og ynskjer litt merksemd i trafikken, kan eit personleg bilskilt bli ditt for 9000 kroner. Bilskiltet har du då tilgjengeleg i ti år. Sjølv om nokon kan synast prisen er litt stiv er det stadig fleire som søker.
I fjor kjøpte nordmenn personlege bilskilt for over 17,5 millionar kroner. Overskotet av dette er øremerka trafikktryggleikskampanjar, seier Øwre.
– Det er grunnlaget for heile denne ordninga. Vi har brukt overskotet frå 2017 på kampanjar som handlar om merksemd, fart og belte i buss. Dette skal vi halde fram med i 2019.
TRAFIKKTRYGGLEIK: Overskotet frå salet av personlege bilskilt går til kampanjar som skal betre tryggleiken i trafikken, fortel Heidi Øwre i Statens vegvesen.
Foto: Henriette Erken Busterud / Statens vegvesen- Les også: