Hopp til innhold

16 000 hjort ventar i skogen

Hjortejakta startar laurdag.

Hjort

16000 VENTAR: Det er gjeve løyve til felle 16 000 hjort i fylket. Jakta startar laurdag morgon og varer til 23.desember.

Foto: Hallstein Dvergsdal

Lørdag 10. september starter hjortejakta, som i løpet av få år har blitt den største jakta i Norge når det gjeld talet på felt vilt.

På plass fredag

Bjarne Huseklepp med laks

KLAR: Bjarne Huseklepp har nettopp avslutta fiskesesongen, og er nio klar for å jakte hjort.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Og ein som har gledd seg lenge til nettopp denne dagen er Bjarne Huseklepp, styremedlem i Norges Jeger -og Fiskeforbund i Sogn og Fjordane.

- Eg er på plass og klar, seier Huseklepp. Han er denne helga saman med nærare 30 andre op Dyrstad i Bremanger for å jakte.

Dei var på plass allereie fredag ettermiddag, og startar tidleg laurdag med jaging.

- Det er eit av høgdepunkta på lik linje med laksefisket. Ein ny sesong er begynt. Mange i fylket har sett fram til dette lenge, seier han.

- Godt jaktområde

Huseklepp seier Dyrstad har eit svært godt hjorteterreng og han har god tru på at laurdagen vil gje gevinst.

- Det er umogleg å tippe på kor mange dyr vi klarer å felle i løpet av helga, men den første dagen vil gje ein peikepinn på korleis jakta blir.

Det er ikkje berre jakta i seg sjølv som trekkjer fleire tusen jegerar til skogs no. Det er både sosial og spennande.

Spennande og sosialt

Matpause under hjortejakta

KJEKT: Det er mykje sosial på jakt, og Bjarne Huseklepp seier det er viktig å vere saman og ha det kjekt under jakta.

Foto: Egil Jørgen Lund

- Vi er her for å jakte, men det er klart at det å kunne ha det kjekt saman er ein viktig dimensjon ved jakta. Og når ein får felt nokre dyr, stelt dei skikkeleg og deretter nyte det som den beste maten ein kan få. Ja då er det bra då!

I Sogn og Fjordane er det gjeve løyve til å felle 16 000 dyr. I fjor vart det felt litt over 12 000 i løpet av jaktsesongen.

- Eg trur nok ikkje at vi klarer å felle alle dyra. Men det er viktig at vi tek ut mange dyr, og det vert ein variasjon slik at bestanden vert betre.

Opnar for jakt fleire stader

Og det er ikkje berre i fylket vårt det er mange som har gjort seg klare til jakta. Det vert nemleg opna for hjortejakt i stadig fleire fylke og område som til dømes i Trøndelag, Sørlandet og Austlandet.

Og dei som jaktar er ikkje berre opptekne av å felle dyr.

Ei undersøkjing Norsk institutt for naturforskning (NINA) gjorde i vinter blandt 1820 jegarar, viser at hjortejegaren i fjor brukte gjennomsnittleg 1858 kroner på klede og personleg utstyr og 2225 kroner på våpen og ammunisjon.

Tips på nettsidene til Norges Jeger- og Fiskeforbund viser at det ikkje er kleda som er det viktigaste. Ei heller ei dyr jaktrifle. Men eit godt kikkertsikte og lyddempar.

Hjortejakta større enn elgjakta

I alt 39.100 hjort vart felt i løpet av jakta høsten 2010 og vinteren 2011 viser tal frå Statistisk sentralbyrå, SSB. Det er ei auke på 1400 dyr frå året før, og gjer hjortejakta til større jakt enn elgjakta. Tilsaman vil omlag 40 000 jegarar gå ut på jakt i sesongen.