Hopp til innhold

Jegrar kan få kontrollere kjøtet

Eit nytt kurs skal føre til at jegar kan tene meir på jakta og at fleire får tilgang på hjortekjøt. Etter kurset kan jegrane sjølv selje kjøtet til privatpersonar, butikkar og restaurantar.

Hjort i Snillfjord

KAN KONTROLLERE KJØTET SJØV: Nye reglar gjer at jegrane kan selje kjøtet til privatpersonar, butikkar og restaurantar.

Foto: John Øystein Berg

Dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter på Svanøy, Johan Trygve Solheim, seier interessa er stor fleire månadar før kursstart.

– Vi har hatt mange telefonar frå jegrar som lurer på kurset. Det ligg nok mange årgangssteiker i fryseboksane. Vi trur at denne nye ordninga vil gjere det lettare for jegrane å kunne selje kjøtet dei sjølv ikkje ønskjer.

Ny matlov

Kvart år blir det skote omlag 12 000 hjortar i Sogn og Fjordane. Dette tilsvarer omlag 500 tonn kjøt og det meste av dette hamnar heime i fryseboksen hos jegeren.

Strenge reglar har gjort til at det har vore tungvint å få kjøtet godkjend for sal. Men ei ny matlov gir jegrane nye moglegeiter.

Vil auke kunnskapen

Eit kurs skal utdanne feltkontrollørar som får løyve til godkjennet kjøtet til jaktlaget som deretter kan selje hjortekjøt til butikkar, restauranter og privatpersonar.

– Vi skal gi jegrane moglegheita til sjølv å kontrollere kjøtet. Samstundes håper vi å auke kunnskapen hos jegrane slik at det fantastiske viltet blir teke endå betre vare på.

Håper å kurse fleire hundre

Det er Norsk Hjortesenter på Svanøy i Flora kommune som skal stå for kursa i dei fire Vestlandsfylka.

For å få vere med, må jegaren ha jakta i minst fem år og ha slakta 20 hjortar. Det først kurset blir arrangert i mai, og interessa har vore stor. Solheim håper å få flest mogleg klare før hjortejakta startar 10. september.

– Vi håper å få gjennom ein del hundre jegrar før hausten.

Trur det blir attraktivt

Ei av dei som gler seg over det nye tilbodet er fylkessekretær Reidun Solberg Seim i jeger- og fiskerforbundet i Sogn og Fjordane. Ho meiner dette vil vere til stor nytte for jegrane.

– Dette er eit kjærkoment tilbod. No kan dei selje kjøtet og tene inn igjen nokre kroner.

– Trur du at jegrane tek dette kurset for å bli feltkontrollørar?

– Det trur eg absolutt. Dette trur eg blir attraktivt, seier ho.