Hopp til innhold

Vil ikkje forby nattjakt på hjort

Fleirtalet i Nattjaktutvalet finn ikkje grunn til å endre reglane for hjortejakt i mørkret. I tillegg meiner fleirtalet at bruk av kunstig lys i ettersøk må bli lovleg.

Hjort

NATTJAKT: Fleirtalet i Nattjaktutvalet meiner det framleis skal vere lov å jakte hjort i den mørke delen av døgnet.

- Vi håpar å få brei støtte for vår innstilling, seier Webjørn Svendsen i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Uklare reglar

Det såkalla Nattjaktutvalet vart sett ned av Direktoratet for Naturforvaltning i 2009. Bakgrunnen var at det dei siste åra har vore fleire tilfelle der jegerar har hamna i retten etter jakt i mørkret.

Oppfatninga av regelverket har vore forskjellig, og sjølv om politiet har meint jegeren har jakta ulovleg, har jegeren blitt frikjent i retten.

I utvalet sat representantar frå Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norges Skogeigerforbund, Norsk Kennel Klubb, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Statens Naturoppsyn og Direktoratet for Naturforvaltning.

Vil ikkje forby nattjakt

Utvalet har dei siste to åra arbeidd for å klargjere regelverket. Dei har vurdert om jakt i den mørke delen av døgnet skal verte avgrensa, og om det skal bli lovleg å nytte kunstig lys i ettersøk.

No er endeleg innstillinga frå gruppa klar, men medlemmane klarte ikkje å bli samde.

Fleirtalet har ikkje har funne grunn til å avgrense hjortejakt om natta. Dei viser mellom anna til at det ikkje finst dokumentasjon på at jakt i den mørke delen av døgnet medfører mindre human jakt, skriv Norges Jeger- og Fiskerforbund på sine nettsider.

Direktoratet usamde

Mindretalet som består av Direktoratet for Naturforvaltning sine to representantar, meiner derimot at det bør bli forbode frå tidspunktet ein time etter solnedgang fram til to timar før soloppgang.

Unntaket er at dei vil tillate nattjakt fire dagar før og etter fullmåne.

- Det beste hadde vore om vi hadde blitt samde. Men når det er såpass prinsipielle skilnader, så må vi berre konstatere at det ikkje var mogleg å få til, seier Svendsen til NRK.no.

Vil tillate kunstig lys i ettersøk

Alle utvalsmedlemmane er derimot samde om at det skal bli lov å bruke kunstig lys under ettersøk.

Mindretalet set samtidig som føresetnad at dersom kunstig lys skal vere lov, må det innførast forbod mot jakt i dei mørkaste timane.

Ver varsam-plakat

Webjørn Svendsen

VIL TILLATE: Webjørn Svendsen har vore Norges Jeger- og Fiskerforbund sin representant i Nattjaktuvalet.

Foto: Arnulf Møllerstad / NRK

I tillegg meiner fleirtalet at det er behov for betre informasjon til jegerane om kor grensa går for human og sikker jakt i mørket.

Dei meiner det er nødvendig med ein meir presis standard for å sikre at jegerane lettare kan innrette seg etter krava.

Dei meiner difor direktoratet må utarbeide ei rettleiing i form av ein ”Ver Varsam-plakat” der krava til aktsemd for nattjakt vert konkretiserte. Også direktoratet støttar opp om at det bør lagast ein slik plakat.

- Dette er startskotet

Det er førebels uklart kva som vert vegen vidare, men Svendsen håpar innspela frå utvalet vert utgangspunkt for vidare arbeid.

- Det er eit omfattande arbeid som er lagt ned, så eg håpar at dette vert startskotet for ein prosess som kan føre til meir konkrete og klare retningslinjer for jakta, seier Svendsen.

Det har ikkje lukkast NRK å få kome i kontakt med utvalsleiar Ingebrigt Stensaas i Direktoratet for Naturforvaltning.

LES HEILE INNSTILLINGA FRÅ UTVALET HER.