Hopp til innhold

10 år etter 22. juli: – Terrorberedskapen framleis ikkje god nok

Noreg er ikkje godt nok rusta ti år etter terroråtaket på Utøya, meiner forskar. For lav bemanning er eit av nøkkelorda. – Vanvitig påstand, svarar justispolitisk talsmann i Høgre, Peter Chr. Frølich.

Økt beredskap utenfor Stortinget

BEREDSKAP: Det er ti år sidan terrorangrepet på Utøya og i Oslo. Forskar Helge Renå meiner beredskapen i Noreg er styrka, men meiner politiet har ein veg å gå.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

UiB-forskaren som avslørte svikt i politiet sin innsats under terroråtaka 22. juli 2011, hevdar Noreg framleis ikkje er godt nok rusta.

Den aller viktigaste faktoren for god akuttberedskap, er god nok bemanning i politidistrikta.

– Terrorangrep er ofte over på kort tid, så det er ofte den som er på jobb der og då som må ta den viktigaste støyten. Då er grunnbemanninga i førstelinja vesentleg, seier Helge Renå, forskar ved Universitetet i Bergen.

Her har det norske samfunnet ein veg å gå, meiner forskaren.

– Vi veit jo eigentleg ikkje kor godt budd me er før neste krise kjem, eller kor det skjer. Viss det smell i Nord-Noreg til dømes vil det ta tid for beredskapstroppen å komme seg dit, seier han.

Beredskapstroppen i gummibåt på vei til Utøya

I GUMMIBÅT: Beredskapstroppen kom ikkje fram med gummibåten under skytinga 22.juli.2011.

Foto: Steinar Frøyshov / NRK

– Held ikkje med nye sentra utan bemanning

Renå har forska på kva som gjekk gale under politiet sin innsats under terroraksjonen 22. juli.

I tillegg sat Renå i utvalet som evaluerte politiet og PST si handtering av terrorangrepet mot Al-Noor moskéen i Bærum i 2019.

Han meiner politiet i dag er styrka på fleire område:

  • eit alarm- og varslingssystem som fungerer betre.
  • det digitale naudnettet gjer at politiet kan snakke saman på tvers av einingar og politidistrikt.
  • beredskapstroppen og spesialstyrkane er styrka.
  • fokuset på formalisert opplæring på operasjonssentralane har auka.
  • det er oppretta eit nasjonalt situasjonssenter som skal sikra at etatar og distriktskontor jobbar på tvers.

Men beredskap kostar. Og det krev folk på jobb.

Forskaren meiner grunnbemanninga både ved dei lokale operasjonssentralane og den nasjonale sentralen er for låg.

Det held ikkje å berre få nye sentra og nye tiltak. Det må også bli bemanna hensiktsmessig i forhold til kva oppgåver dei er forventa å kunne utføre, seier Renå.

Odd Harald Hovland

KRITISK: Grunnbemanninga i dei geografiske driftseiningane må sikrast, meiner Odd Harald Hovland (Ap), stortingskandidat.

Foto: NRK

– Må styrka etterretningsarbeidet

I Sunnhordland i Vestland har mangeårig lensmann Odd Harald Hovland tatt permisjon frå stillinga.

Han har vore områdeleiar for eit polititenesteområde med store avstandar, spreidd busetnad og tidvis få politifolk på jobb.

Til hausten står han på val som Arbeidarpartiets andrekandidat i Hordaland.

Hovland viser til at politireforma har styrka operasjonssentralane, men også gitt geografisk større politidistrikt med større avstandar.

– Operasjonssentralane skal betene veldig store distrikt. Det er ein akilleshæl. Det må ein kompensere for med betre geografisk kunnskap og meir trening på dei funksjonane.

Den mangeårige politileiaren meiner politidistrikta treng auka lokal grunnbemanning.

Men viktigast er det at den lokale politikompetansen på førebygging og kartlegging av ekstremisme blir styrka.

– Å styrke politiets evne til å førebygge radikalisering og ekstremisme tidleg er minst like viktig. Slik at ein er godt i forkant før ein opplever rein terror, seier Hovland.

– Det er veldig viktig at vi har dei ressursane desentralisert. Ein får meir tilgang på informasjon viss ein er i nærmiljøet, poengterer han.

Helge Renå

KRITISK: Helge Renå, forskar ved UiB, fryktar stor konsekvensar dersom distrikta blir ramma av terroråtak.

Foto: Dang Trinh / NRK

Trykte aldri på «den store knappen» i 2019

Då politiet fekk melding om ein gjerningsperson med våpen utanfor Al-Noor-moskeen i Bærum i 2019, trykte dei aldri på «den store knappen».

Trass i at politiet sidan 2011 har trent hyppig på såkalla PLIVO-aksjonar (pågåande livstrugande vald), gjekk den alarmen aldri ut.

Renå meiner det viser at dagens beredskap ikkje er god nok.

– Ein hadde hatt mange øvingar på kva ein skal gjere ved ei stor terrorhending, men det å vurdere kva tid ein skal trykke på «den store knappen» hadde ein ikkje øvd på, seier han.

Politidirektoratet er blitt lagt føre kritikken frå Renå og Hovland.

Beredskapsdirektør Tone Vangen svarar at etaten aldri kan seia at ein er utlært eller at ein har kome langt nok.

– Men vi har kome eit stykke lenger enn det vi hadde i 2011. Utviklinga politiet har gått gjennom dei siste 10 åra har samla sett styrka politiets evne og kapasitet til å avverje eller møte alvorlege trugslar i samfunnet, svarar direktøren.

Les heile svaret i boksen under.

Peter Christian Frølich (H)

REAGERER: Justispolitisk talsmann for Høgre, Peter Christian Frølich.

Foto: Casper Lehland / Høyre

Høgre: – Vanvitig påstand

Justispolitisk talsmann i regjeringspartiet Høgre, Peter Chr. Frølich, avviser kritikken frå Helge Renå og Odd Harald Hovland.

– Dette er ein vanvitig påstand. Beredskapstroppen er auka med 50 prosent. Forsvaret kan setjast inn mot terror raskare, og politiet har fått flunkande nye helikopter. Dei øver også meir og operasjonssentralane er markant sterkare, seier Frølich.

Høgre-politikaren seier politiet har fått fleire folk, betre utstyr, betre sentralar, trening og leiing.

– Forskaren må nesten dra til beredskapssenteret på Taraldsrud og sjå med eigne auge. Ingen kan dra derifrå og seie at beredskapen er den same som 22. juli, seier Frølich.

Konferanse om ekstremisme

EKSTREMISME PÅ BYGDA: Bodskapen på ein konferanse i Førde i 2017 var at terrorplanlegging like gjerne kan føregå i små utkantsamfunn som i byar.

Foto: Espen Breivik / NRK