Sogndal-ordføraren med varsel mot kommunen
John Christian Elden seier til NRK at han vil levere eit varsel mot Sogndal kommune på vegner av Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap).
Skuldinga er at klienten har blitt «motarbeidd frå leiinga i kommuneadministrasjonen».
– Eg vil sjølvsagt vurdere om han er utsett for strafferettslege overtramp, men tenker i første rekke det er tale om arbeidsrettslege tiltak innan varslingsretten, presiserer Elden.
Varaordførar i Sogndal, Gunnhild Olstad Bøyum (H), seier til NRK at ho er «veldig, veldig overraska» over den siste vendinga. NRK har tidlegare skrive at Ølmheim har sikra seg lydopptak av andre deltakarar i sogndalpolitikken.
– Denne saka blir ikkje løyst av juristar, seier Bøyum.
– Det er ikkje på den måten vi skaper ro.