Trafikk-stans på riksveg 555
Trafikken har byrja å gå att etter at han sto stille ved Janaflaten i Drotningsvik-området.
Trafikkoperatør Arne Viken i Statens vegvesen seier til Bergens Tidende at stansen var i samband med sprengingsarbeid på Sotra-sambandet.
– Når dei sprenger, stenger dei i begge retningar, seier han.