Hopp til innhold

Bergen nattestenger elsparkesyklane kvar dag

Bystyret i Bergen vedtok onsdag å stramme inn på reglane for elsparkesyklar i byen. Dei vil ha høve til å stenge tilbodet om natta kvar dag mellom klokka 23 og 05, for å unngå fyllekøyring og skadar.

Vidare krev dei at det blir sett opp stativ der ein må hente og levere elsparkesyklane, slik det i dag er med bysyklane. Det blir også høve for å skrive dagbøter når drift og vedlikehald er for dårleg.