Hopp til innhold

Historisk høg utbetaling til norske bønder

Landbruksdirektoratet utbetaler denne veka nærare 17 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot til norske bønder.

Dette er tilskot som blei avtalt i jordbruksoppgjeret i fjor og som nå kjem inn på kontoen til bøndene. Over to år har desse tilskota auka med seks milliardar kroner.

– For kvar enkelt bonde betyr utbetalinga ei nødvendig og kjærkommen innbetaling på konto. Vi veit at mange bønder har ein pressa likviditet på denne tida av året, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).