Hopp til innhold

Pris for månadens spelar og trenar til Brann

Eirik Horneland er månadens trenar og Bård Finne månadens spelar i Eliteserien i november. Det melder Brann på sine nettsider. Brann spelte tre kampar denne månaden, og vann alle tre. Det er Altibox som kårar vinnarane. Dei skriv at Horneland har skapt eit svært solid kollektiv og peikar på at Brann har sleppt inn færrast mål i ligaen, samtidig som dei spelar offensiv fotball. Om Finne skriv dei at han har levert ein enorm sesong: «og har noen spilt en bedre kamp i år enn Finne gjorde mot Bodø/Glimt?»

Brann har att ein kamp i årets sesong, laurdag 3. desember borte mot Strømsgodset.

Bård Finne i Branns eliteseriekamp mot Lillestrøm 1. oktober 2023
Foto: Frederik Ringnes / NTB