Hopp til innhold

Demonstrasjon for og mot Bybanen langs Bryggen

– Bygg den banen! ropte fleire hundre demonstrantar som i dag klokka 17.30 hadde samla seg i Bergen sentrum for å kreve at Bybanen blir bygd til Åsane via Bryggen, slik bystyret vedtok i mai.

Organisasjonen Bergens Mødre står bak demonstrasjonen. Dei gjekk i tog til rådhuset for symbolsk å spikre reguleringsplanen for Bybanen på rådhusdøra.

Fleire titals motdemonstrantar hadde mobilisert mot å bygge bybane langs Bryggen.

Politiet var til stades med ein patrulje, og anslår at opptil 400 menneske demonstrerte.

– Dette er jo ein betent konflikt, men me venta ikkje nokon dramatikk. Demonstrasjonane gjekk føre seg i sømmelege former, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt til NRK.

Marianne Aanerud i "Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen
Foto: Tony Roald Ågotnes / NRK