Hopp til innhold

Ber om 21 års forvaring for Nav-drapet

Statsadvokat May Britt Erstad ber om 21 års forvaring for tiltalte i Nav-drapet. Det kjem fram i siste dag av ankesaka i Gulating lagmannsrett torsdag.

Abdella Ahmed Haji (41) er i Hordaland tingrett tidlegare dømd til 21 års forvaring for knivangrepet på Nav Årstad i Bergen september 2021. Nav-tilsette Marianne Amundsen mista livet, medan kollegaen Ida Aulin overlevde.

Haji anka dommen fordi han meiner han var utilrekneleg då angrepet skjedde, og at han må dømmast til tvungen psykisk helsevern.

Under prosedyrane torsdag argumenterte Erstad for at Haji er tilrekneleg og derfor må straffast med fengsel.

– Rettspykiaterane har forklart at tiltalte sin virkelighetsforståelse er og var intakt. Tiltalte er lik og den same personen som dei sakkyndige har følgt heile tida. Dei ser ingen teikn på sjukdom på opptaka frå angrepet på Nav, sa Erstad i sin prosedyre.

Haji har tidlegare fått diagnosane enkel schizofreni og vrangførestillingar. Forvaring er ein tidsubestemt straff der den dømte må gjennomgå ein tryggleiksvurdering før vedkommande kan prøvelauslatast.