Hopp til innhold

Vogntog sperrar veg i Fjærland

Eit vogntog sperrar vegen på riksveg 5 Bøyadalen i Fjærland i Sogndal kommune. Det skriv Vegtrafikksentralen vest på Twitter. Politiet melder om at køyretøyet skal ha køyrt utfor ein kant og står på tvers. Det er ikkje meld om personskade. Bilbergar er bestilt. Trafikkoperatør Marius Næss trur det kan ta ei tid før vegen opnast igjen:

– Skal eg spekulere kjapt så går det nok fort eit par timar.

Som følge av hendinga er også Fjærlandstunnelen stengt for å unngå kø i tunnelen.

Vogntog på tvers i Fjærland
Foto: Kjell Arvid Stølen