Hopp til innhold

Natur og ungdom markerte under Festspillopninga

Under den høgtidlege opningsseremonien til Festspillene markerte ei gruppe frå Natur og Ungdom mot Equinor, som er ein av hovudsponsorane til Festspillene.

Opningsseremonien er førestillinga What is the City but the People?, ei feiring av menneska i Bergen. I førestillinga går utvalde bergensarar på ein 60 meter lang, gul catwalk på Festplassen, midt i byen. Deltakarane frå Natur og Ungdom hadde med seg plakatar og gensarar der logoen til Equinor var kryssa over. Like etter kom ein aktivist frå Greenpeace, men ho gjekk ikkje av catwalken.