Hopp til innhold

Festspillene i Bergen

  • Festspillene: Færre billettar enn i fjor, men fleire såg gratistilbod

    Dei 71. Festspillene i Bergen blir avslutta i dag. Førebelse tal viser eit samanlagt besøk på 77.000, om lag 3000 meir enn i fjor.

    Besøkstalet består av 27.800 utskrivne billettar (700 færre enn i fjor), 45.600 registrerte besøk på uteprogrammet og anna gratistilbod (6600 fleire enn i fjor), og 3600 besøkjande på Bergen Kunsthalls festspelutstilling (800 færre enn i fjor).

    I tillegg hadde «Noreg lyttar – ein scenisk lesnad av Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen» over 500.000 sjåarar på NRK.

    – Vi er svært glade over å ha nådd ut til så mange og stolte over å ha fått auka publikumsoppslutning, trass i økonomiske nedgangstider og uvisse etter pandemiåra, seier festspeldirektør Lars Petter Hagen.

    Lise Davidsen fra «Tosca» under Festspillene i Bergen 2023
    Foto: Thor Brødreskift / NTB
  • Natur og ungdom markerte under Festspillopninga

    Under den høgtidlege opningsseremonien til Festspillene markerte ei gruppe frå Natur og Ungdom mot Equinor, som er ein av hovudsponsorane til Festspillene.

    Opningsseremonien er førestillinga What is the City but the People?, ei feiring av menneska i Bergen. I førestillinga går utvalde bergensarar på ein 60 meter lang, gul catwalk på Festplassen, midt i byen. Deltakarane frå Natur og Ungdom hadde med seg plakatar og gensarar der logoen til Equinor var kryssa over. Like etter kom ein aktivist frå Greenpeace, men ho gjekk ikkje av catwalken.

  • Greenpeace aksjonerte under Festspillopninga

    Under den høgtidlege opningsseremonien til Festspillene protesterte ein Greenpeace-aktivist mot Equinor, som er ein av hovudsponsorane til Festspillene.

    Opningsseremonien er førestillinga What is the City but the People?, ei feiring av menneska i Bergen. I førestillinga går utvalde bergensarar på ein 60 meter lang, gul catwalk på Festplassen, midt i byen. Ei av dei som skulle gå var Christine van der Horst. Ho er klimaforskar og Greenpeace-aktivist, og stansa opp då ho var på catwalken. Medan andre fortsette å gå, blei ho sitjande midt på det gule golvet, heilt til ho blei ført ut av vakter rundt fem minuttar seinare.

    Festspel greenpeace
    Foto: Jan Børge Leirvik / NRK
  • Bergenserne trosser regnværet

    Festspillene i Bergen ble åpnet til ordentlig bergensvær.

    Men selv om det bøtter ned, har hundrevis av bergensere tatt turen til Festplassen for å få med seg åpningsseremonien.

    Festspelfør opning
    Foto: Jan Børge Leirvik / NRK
  • Hedrer kjente og ukjente bergensere på catwalk

    – Byen hadde ikke vært noe uten menneskene, sa ordfører i Bergen Linn Kristin Engø (Ap) i sin Festspill-tale.

    Hennes tale ledet opp til temaet for åpningsseremonien: Det bor mye i mennesker som kanskje ser på seg selv som helt ordinære.

    På et stor catwalk på Festplassen skal vanlige bergensere trekkes frem og hedres. Finn Tokvam har skrevet tekster om livene deres og Thor Brødreskift har tatt portrettet av dem på forhånd. Både tekst og bilder vises frem på store skjermer rundt catwalken.

    Festspell 3
    Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no