Hopp til innhold

2400 husstandar utan straum

2400 av BKK sine straumkundar på Vestlandet er utan straum. Dette gjeld særleg nord i Øygarden, Alver og Masfjorden. Ifølge pressevakt Geir Holen er årsaka tung og våt snø på linja, samt tre som har falt over linjene. Mannskap er ute og prøver å rette opp i feilen. – Men det er utfordrande for mange av dei å kome seg fram på grunn av utfordrande føre på vegane, seier Holen. Det er uvisst kor tid kundane får att straumen, men forhåpentlegvis vil dei fleste ha den på plass i løpet av kvelden, fortel pressevakta. På BKK sine heimesider er det oversikt over kvar straumbrota er. Ikkje alle husstandar syner att på kartet, fortel Holen.