Hopp til innhold

Turistar er no hjelpt ned frå Trolltunga

To vaksne tyske turistar som skulle til Trolltunga i Hardanger var litt før klokka 18 trygt nede ved bilveg igjen, etter å ha blitt hjelpt ned av Røde Kors. – Redningsaksjonen var utfordrande, men dei to er i god form, seier aksjonsleiar i Røde Kors, Stig Hope. Turistane melde i 12.30-tida at dei på grunn av dårleg vêr ikkje kom seg vidare og hadde søkt ly i ei naudbu halvvegs på turen.

Røde Kors prøvde å ta seg fram til dei to med snøskuter, og håpte å vera framme i 16-tida. Like før 16.30 opplyste Hope til NRK at dei fire som var på veg til naudbua hadde måtta snu.

Seinare gjorde dei eit nytt forsøk på ein litt annan trasé, og lukkast med å komma fram.

Det var i dag også for dårleg vêr til å senda redningshelikopter frå Hovudredningssentralen på Sola.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt seier dei komande dagane ikkje er rette tida for fjellturar.

Trolltunga
Foto: NRK