Hopp til innhold

Brann i Bergen

Det brenn i eit hus i Osvegen ved Valle i Fana bydel. Huset skal vere under oppføring. Naudetatane er i gang med å sløkke brannen.

– Det er mykje røyk i området, og røyken legg seg lågt, seier politiet til NRK. Eit nabohus er evakuert etter at det kom røyk inn i huset.

Politiet oppmodar folk i området om å halde att dører og vindauge. Det er god kontroll på spreiingsfaren. Det var ikkje folk i bygget. Brannen er framleis ikkje meldt å vere under kontroll, opplyser Brannvesenet i Bergen til NRK klokka 22. Brannen har gått i taket på bygningen, og brannfolk jobbar med å sløkke inne i holrom i bygget.