Hopp til innhold

BT: Trafostasjon kunne eksplodert

Politiet etterforskar ei hending ved ein trafostasjon i Sandviken i Bergen før helga. Bergens Tidende skriv at nokon skal ha manipulert eller kopla om deler av det tekniske anlegget, og at «dette kunne resultert i en kraftig eksplosjon».

Politiadvokat John Roscoe Lode vil ikkje kommentera opplysningane, men seier fleire personar har vore inne til avhøyr i saka.

Trafostasjon ved Stemmemyren
Foto: Åge Algerøy / NRK