Hopp til innhold

BT: Politiet etterforskar "hending" på trafostasjon

Politiet etterforskar ei "hending" som blir omtalt som ei straffesak på Eviny sin trafostasjon i Ytre Sandviken, melder BT. Både krimteknikarar og uniformert politi var på staden fredag.

– Det er ikkje teikn på skade på personar eller infrastruktur. Bygget er viktig for kraftforsyninga i Bergen, og etterforskninga blir knytt til dette, seier politiadvokat John Lode Roscoe til avisa.

Ifølgje Roscoe er det ikkje noko som tyder på at saka har samanheng med den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa.

– I samarbeid med politiet er det allereie lagt ein plan og sett i gang eit arbeid for å undersøkja mange av trafostasjonane våre. Det er eit høgt tal, seier Rune Indrøy, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Eviny til avisa.

Trafostasjon ved Stemmemyren
Foto: Åge Algerøy / NRK