Hopp til innhold

Varebil hamna i elva

Ein varebil har hamna i elva i Lærdal ved Borlaugkrysset i føremiddag. Sjåføren var aleine i bilen, og fekk hjelp av forbipasserande til å komme seg på land.

– Føraren er send til sjukehus i Førde, men er vaken og ikkje alvorleg skadd, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Webkamera frå Statens vegvesen viser bremsespor i rundkøyringa og eit autovern som er blitt køyrd over.

Bil hamna i elva i Lærdal.
Foto: Statens vegvesen