Hopp til innhold

Vart fengsla i fire veker

Ein mann i 40-åra frå Bergen vart laurdag varetektsfengsla i fire veker av Hordaland tingrett. Bakgrunnen er ei lang rekkje hendingar i det siste. Mannen skal ifølgje BT ha trua med å tenna på Korskirken. Vidare sette mannen i gang ein stor politiaksjon ved eit hotell i Bergen i slutten av april. Hordaland tingrett meiner mannen må i varetekt grunna fare for gjentaking.