Hopp til innhold

Trolltunga-turistar får hjelp av Røde Kors

Røde Kors er etter over fire timar omsider framme ved naudbua der to franske turistar har søkt ly. – Det var ein krevjande tur opp. Dei har fått mat og startar snart på turen ned igjen saman med mannskap frå Røde Kors, opplyser Vest politidistrikt. Like før midnatt kunne politiet fortelle at turistane og mannskapet var trygt nede frå fjellet.