Hopp til innhold

Turistar treng hjelp ved Trolltunga

To franske turistar har bede om hjelp frå Trolltunga i Hardanger. Dei melde sjølve frå til politiet i 1530-tida om at dei ikkje kom seg ned utan hjelp. Dei er våte og kalde, men uskadde. Røde Kors er på veg, melder politiet. For berre ei veke sidan vart ein fransk turist overraska av dårleg vær og måtte søkje tilhald i ei naudbu.