Drosjesjåfør meldt til politiet
Ein drosjesjåfør blir meldt til politiet etter ein kontroll på Tellnes i Øygarden i dag. Det melder Statens vegvesen. Minibussen mangla eitt nærlys, alle fire dekka hadde for dårleg mønster, det mangla tre kjettingar og sjåføren hadde ikkje førarkort for minibuss. Sjåføren måtte ringa etter ein ny taxi til seg sjølv og passasjerane.