Hopp til innhold

Brot i armane etter vald

Politiet har ikkje arrestert nokon etter valdsepisoden på eit treningssenter på Frekhaug. Mistenkte stakk frå staden i ein kvit bil. Politiet omtalar hendinga som alvorleg og har etterforska saka utover ettermiddagen. To menn på 28 og 38 år har fått påvist brot i armane, etter å ha blitt slått til med ei vektstong.