Hopp til innhold

Slagsmål på treningssenter

  • Skriven ut frå sjukehus

    Mennene som vart utsett for vald på eit treningssenter på Frekhaug søndag, vart lagt inn på sjukehus med brotskadar i armar og ansikt. Politiet opplyser at den eine no er skriven ut. Førebels er ingen arrestert, men saka er prioritert av politiet.

  • Jaga ut av treningsstudio

    1405 fekk politiet melding om at to menn kom springande ut frå eit treningssenter på Frekhaug med ein tredje mann etter seg. Mannen, som jaga dei, stakk av i ein kvit bil før politiet kom. Tredjemann skal ha slege dei to med ei vektstong inne på senteret, og dei to er sende til lege med skadar i armane, fortel operasjonsleiar Helge Blindheim. Det skal ha vore fleire vitne til hendinga.

  • To legevakt etter slagsmål

    To personar er frakta til legevakt etter eit slagsmål ved eit treningsstudio på Frekhaug i Meland. Vedkomande som er mistenkt for å stå bak, stakk frå staden i bil.

    Laster Twitter-innhold