Hopp til innhold

Ber om fast landingsplass

Politiet i Vågsøy ber kommunen om å etablere ein fast landingsplass for helikopter, skriv Fjordenes Tidende. I eit brev til Vågsøy kommune skriv dei at helikopter blir meir og meir brukt til helseoppdrag. Normalt har helikopter landingsplass ved ICT-terminalen i Måløy, men parkerte bilar har gjort det vanskeleg for helikopteret å lande.