Nok eit innbrot
Nok eit innbrot er rapportert i Førde. Innbrotet har skjedd i løpet av helga, i området ved Slåttebakkane, der tre andre innbrot i også skjedde i helga. Dette er dermed det fjerde innbrotet i løpet av helga, og politiet gjekk i dag ut og bad folk vere observante om dei fekk merkelege oppringingar på døra eller telefonen. Politiet ønsker tips på telefon 02800.