Dei to første innbrota vart oppdaga like før klokka 13. Det siste like før klokka 20.
Det var ikkje folk i nokon av husa då innbrota skjedde. Politiet ynskjer tips frå publikum som kan ha sett eller høyrt noko.
– Innbrota har skjedd i same gate, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ved dei to første innbrota har gjerningsmannen, eller mennene, teke seg inn ved å bryte opp dør og vindauge. Her er det uklart kva som er stole.
– Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, opplyser politiet.
I den siste bustaden som i natt har hatt ubedne gjester, er det derimot konstatert at ting er fjerna. Ein har heller ikkje her full oversikt endå.
– Innbrota er truleg gjort i løpet av natt til søndag, seier Eggen.
Publikum vert oppmoda om å ringe 02800 om dei har tips i sakene.