Hopp til innhold

Politiet: Merkeleg ringing på døra eller telefon? Kan vere tjuvar

Politiet etterlyser tips frå folk i Slåttebakkane som har hatt mistenkelege oppringingar på døra eller telefon i helga. Politiet jaktar på innbrotstjuvar som herjar i området.

Slåttebakkane

VIL HA TIPS OM OPPRINGINGAR: Etter tre innbrot i Slåttebakkane i helga ønskjer politiet tips om merkelege oppringingar på telefon og dørklokker.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eit vitne har meldt seg for politiet og fortel at det ringde på døra til vedkommande seint laurdags kveld.

Det seier Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor. Han etterforskar tre innbrot i Slåttebakkane i Førde natt til søndag. Innbrota skjedde i same gate.

Folk med tynn forklaring

Vitnet som har meldt seg responderte ikkje på første ringinga på døra. Men då det ringde på for andre gong etter ein time gjekk vitnet ut.

– Då det ringde på døra att seint på kvelden, og veldig intenst, gjekk vitnet ut. Og der fann han på eit hjørnet av huset to menn som snakka gebrokkent engelsk.

– Dei har ei tynn forklaring på kvifor dei er der. Og dei påstod at dei leita etter ein person. Men i lys av innbrota tolkar vi det slik at dette kan vere folk som er ute og snokar for å finne ut om folk er heime.

Raske innbrot

Politiet ønskjer tips frå fleire som kan ha opplevd liknande på telefon 02800.

Vi ønskjer tips frå folk som i helga har fått telefonar eller ringing på døra som dei ikkje heilt har forstått noko av.

I tillegg ønskjer politiet tips om framande bilar i området gjennom helga.

– Innbrotstjuvane skal ikkje vere farlege, dei skuggar stort sett bana viss det er folk heime. Dei er på jakt på plassar der dei kan gjere kjappe innbrot og få med seg store verdiar men som er lette å bere med seg.