-Det hender vi får svingingar i samfunnet sitt syn på fleire ting. Dette skjer delvis i rykk og delvis i ein kontinuerleg prosess. Når det skjer i store sprang er det fare for at enkelte blir liggande att. Når det gjeld min klient så er han eit offer for eit kjempehopp når det gjeld samfunnet sitt syn på korleis ein skal reagere mot rasisme, sa Staff.
Han meiner det blir ein fare for rettstryggleiken, og at det som har skjedd i denne saka er eit skuleeksempel på korleis strafferettspleien ikkje bør fungere.
-Statsadvokaten har lete seg jage, og forfølgarane har vore den alminnelege opinion, sa Staff.
Han peikte på at statsadvokat Jan Hoel først hadde lagt vekk rasismesaka. Så skjedde Holmlia-drapet, og kort etter riksadvokaten sin oppmoding om at statsadvokatane bør vurdere slike saker ekstra nøye. Staff meinte at den etterforskinga som førte til rasismetiltalten var eit skrekkeksempel på korleis slikt ikkje skal føregå.
-Hoel bad om at dette skulle skje på ei veke. Deretter lagde lensmannen i Sogndal eit skjema med detaljerte spørsmål, og det er stikk i strid med korleis ein bør føreta vitneavhøyr. Fleire ord der har kome att som noko vitne skal ha sagt. Vi har i retten høyrt eit av dei seie at ho aldri brukte slike ord, sa Staff.
- Dette var førehandsdømt til å gå gale. Heile Norge kokte på den tida, og vi har her forhold som er tvungne fram, sa han.