- Vi kan ikkje byggje ned sjukehusa

- Sogn og Fjordane kan ikkje godta noko dårlegare sjukehustilbod enn det som er i dag.

Lærdal Sjukehus

Sjukehuset i Lærdal.

Foto: NRK

Det meiner stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre.

Fredag tok styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, til orde for ein strukturdebatt for å finne ut om det skal satsast på eit sterkt sentralsjukehus eller sterke lokalsjukehus.

Les også: – Helse Førde treng 100 millionar

Vil ikkje byggje ned

Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Mowatt meiner Helse Førde ikkje har råd til å satse på begge delar. Men Ludvigsen vil ikkje byggje ned dagens tilbod.

-Vi må ha eit trygt og godt spesialisttilbod også i Sogn og Fjordane. Det burde alle prøve å arbeide for, og ikkje prøve på ein strategi der vi ser oss nøgde med mindre enn det vi har i dag, seier Ludvigsen.

Føretaket slit

Helse Førde slit med dårleg økonomi, og har måtte kutte i tenestetilbodet i år. Det er difor Mowatt vil kome fram til om helseføretaket skal satse sterkast på sentralsjukehuset eller lokalsjukehusa i Eid og Lærdal.

- Ja takk, begge deler

Men Gunvald Ludvigsen er heilt ueinig i at det her er løysinga. For han held fast på ja takk, begge deler:

- Vi er ein viktig del av det norske samfunnet og vi må krevje at også vi skal få eit godt helsetilbod. Det inneber at vi må ha eit desantralisert sjukehusvesen.

- Men trur du at det kjem pengar slik at vi både kan ha eit sterkt sentralsjukehus og sterke lokalsjukehus?

- Det må vere nok pengar til å drifte det vi har. Vi kan ikkje byggje ned, for vi skal ha eit like godt tilbod her som i resten av landet.