Hopp til innhold

- Sogn og Fjordane er trendy

Det har kome hovudristande reaksjonar frå heile fylket etter at rektor Trond Blindheim ved Norsk reiselivshøgskule sa at Sogn og Fjordane er eit uinteressant reisemål for ungdom.

Surfing i Hoddevika på Stadlandet
Foto: Lasse Fløde

Ekstremsport
Foto: Heiko Junge / Scanpix

Knut Arild Flatjord i Jølster rafting er ein av dei som fnyser av påstanden.

- Det er tull å komme med slike utsegner. Vi har mange aktivitetar å tilby ungdom, og det kjem mykje ungdom til Jølster, seier han.

Og utsegna frå reiselivsrektor Trond Blindheim som har fått Flatjord til å bruke ord som tull, er denne.

- Kvar kroner som vert brukt for å få ungdom til Sogn og Fjordane er ei bortkasta krone. Ungdom er opptekne av andre ting. Ingenting kan konkurrere med syden-operatørane sine påkosta, glansa og glorete katalogar, sa Blindheim.

- Ungdommen kjem her

Og motreaksjonane kjem frå dei som driv tilbod og aktivitet retta mellom anna mot ungdom i heile fylket. Ein av dei er Peder Kjærvik i Jostedalen.

- Han kan ikkje vere skikkeleg orientert, for vår erfaring er at når vi har produkt som passar for ungdom, så kjem ungdommen. Vi har mange unge her som vil prøve til dømes kajakk, padling, rafting og brevandring. Vi marknadsfører oss mot folk som er interesserte i friluft, seier han.

- Flåsete påstand

Stryn sommarskisenter.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

På hi sida av Jostedalsbreen, sit reiselivsmannen Jens Cristian Skrede, og var tidleg ute med si meining.

- I min region har vi til dømes sommarskisenteret, brevandring og surfing på Stad. I tillegg er det mange festivalar i heile fylket i sommarhalvåret, så dette tykkjer eg at er ein flåsete påstand, seier han.

Sprek ungdom

Njord er ein gjeng unge som driv tilbod innan friluftsliv med kajakkpadling og fjellklatring både i Bulandet og i Aurland. Malin Bakke Hole er like rysta som dei andre.

- Eg er heilt ueining. Mange ungdommar er spreke og på jakt etter friluftsliv og opplevingar, seier ho.

- Er det ekstremungdommen som passar best for fylket?

- Nei, det er ikkje berre dei som driv ekstremsport som kjem. Dei er på jakt etter mange former for naturoppleving, seier ho. 

Populær surfing

Og i Hoddevika på Stad valfartar unge frå heile landet. Anne Kari Lerfald som driv surfepensjonatet har også høyrt påstanden frå reiselivsrektoren. 

- Sogn og Fjordane har i dag det mest trendy fritids- og ferietilbodet som ungdom spør etter. Vi har minst 50 bølgjeinteresserte ungdom her dagleg. No er det er friluftsaktivitetar som er in, seier ho.