Hopp til innhold

- Småpengar til Strynefjellet

I Stryn er Nasjonal transportplan eit stort vonbrot. Først i 2018 er det avsett pengar i planen til rassikring av riksveg 15 over Strynefjellet.

Ordførar Sven Flo i Stryn

MISNØGD MED NTP: Ordførar Sven Flo i Stryn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og vegen over Strynefjellet er i godt selskap. Ingen riksvegar får rassikringspengar før tidlegast i 2018 dersom planen til Statens vegvesen blir fylgd. Då er det løyvd 400 millionar kroner til riksveg 15 over Strynefjellet.

LES OGSÅ: Desse vegane blir prioritert

LES OGSÅ: – Vent med å reise over fjellet

Ordførar Sven Flo i Stryn er uroa.

– Ser vi det i forhold til dei utfordringane vi har på Strynefjellet i framtida er dette berre småpengar. Det monnar ikkje i det heile.

– Gamalt nytt

Flo ser på løyvingane på 400 millonar som gamalt nytt. Han set Statens vegvesen si manglande satsing på fjellovergangen i samband med at konseptvalutgreiinga (KVU-en) for strekninga ikkje er ferdig.

– Det ligg ikkje noko handfast før den har vore ute på høyring og vi har fått ei realitetsbehandling av KVU-en.

Tunnelane på Strynefjellet er i elendig forfatning, i tillegg trengst det rasoverbygg i Grasdalen. Men Strynefjellet er ikkje åleine om å føle seg snytt. Ingen riksvegar får rassikringsmidlar før i 2018.

(Artikkelen held fram under biletet).

Snø på Strynefjellet

PROBLEMVEG: Særleg vinterstid er vegen over Strynefjellet problmatisk for trafikantane.

Foto: Vidar Gudangen/NRK

– Altfor defensivt

Åshild Kjelsnes, fylkesordførar og leiar i nasjonal rassikringsgruppe fortvilar.

– Det er altfor defensivt. Dersom det stemmer at vi ikkje får midlar til rassikring på riksvegnettet før i 2018 så er det rett og slett ein skandale.

LES OGSÅ: Fylkesordføraren om NTP: – Dette er ein skandale

Det er stryneordføraren heilt samd med Kjelsnes i.

– Der støttar eg Åshild Kjelsnes fullt ut, dette er ein katastrofe.

Saman med bilistar gjennom Kjøsnesfjorden og andre rasutsette riksvegar må køyrande over Strynefjellet ta fram tolmodet. Sven Flo er klar på at meir pengar må på bordet når KVU-en er klar.

– Det er ikkje nok pengar til å gjere vegen over Strynefjellet til ei trygg ferdselsåre innan rimeleg tid, og det bekymrar meg.

NTP om Strynefjellet:

Statens vegvesen skriv dette i Nasjonal transportplan om Strynefjellet:

«Rv 15 Otta - Måløy: I siste seksårsperiode prioriteres skredsikringsprosjektet
rv 15 Knutstugugrove i Oppland. I tillegg prioriteres midler til å starte skredsikring av rv 15 på Strynefjellet. Dersom rammen økes med 45 prosent, går transportetatene inn for å forsere skredsikringen på Strynefjellet.

Dersom det i forbindelse med behandlingen av KVU/Ks1 konkluderes med at det
skal bygges nye tunneler på rv 15 over strynefjellet, må denne prioriteringen vurderes på nytt.

Innenfor programområdene prioriteres utbedringstiltak som breddeutvidelse av strekninger som ikke har gul midtlinje, tilrettelegging for gående og
syklende og trafikksikkerhetstiltak. i tillegg prioriteres midler til oppgradering av tunneler.»