Det opplyser politiet, som framleis ventar på å få avhøyra den sikta i saka.
Forretningmannen Harald Bakkebø blei skoten på kloss hald på Frekhaug i Meland kommune på fredag.
Harald Bakkebø blei drepen fredag.
Ukjend motiv
Lensmann Einar Vatne ved Lindås og Meland lensmannskontor seier mykje tydar på at det var eit forretningsmøte som enda i drap, men motivet er så langt ikkje klart.
Politiet har endå ikkje avhøyrt den sikta 44-åringen, og drapsvåpenet er ikkje funne.
Fire personar på møtet
Den drapssikta er ein familiemann med røter i Nordhordland, og han er også forretningsmann med den drepne Harald Bakkebø som kompanjong.
Dei skal ha vore fire på møtet i brakka på fredag - drapsmannen, bror hans, den drepne Harald Bakkebø og ein fjerde person.
VG skriv at den sikta skal ha følt seg lurt av Bakkebø.
Siktinga kan bli endra
Fleire vitne gjer at politiet seier dei har god oversikt over korleis den sikta skal ha gjennomført drapet, og politiet utelukkar ikkje at siktinga kan bli endra frå forsetteleg drap til overlagt drap.
Lensmann Einar Vatne presiserer til NRK at politiet ikkje vil omtala våpenet som rifle. Han vil ikkje gje nærare detaljar om våpenet.
Politiet har no gjennomført ei rundspørjing hjå alle naboane i området der drapet skjedde.