Hopp til innhold

- Sjokkert over Sanden

Det politiske miljøet i Lærdal tek avstand frå Sanden.

Pressekonferanse

Det politiske miljøet i Lærdal tek avstand frå ordførar Arne Sanden sin måte å handtere konflikta med rådmann Bent Arild Grytten på. Her er Sanden i gong med å forklare sin versjon av saka på pressekonferansen onsdag.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ordførar Arne Sanden sin pressekonferanse onsdag om konflikta med rådmann Bent Arild Grytten skulle ikkje vore halden, og har forverra konfliktnivået.

Det meiner det politiske miljøet i Lærdal.

Sjokkert og skuffa

Bent Grytten

Rådmann Bent Arild Grytten seier ordføraren kan takke seg sjølv for at saka har fått utvikle seg slik den har gjort.

Foto: Jan Egil Fimreite Sogn Avis

Gruppeleiar Kari Blåflat frå SV vart sjokkert av det ho høyrde.

- Eg er skuffa og sjokkert. Han gjer situasjonen verre for han går til angrep i stadenfor å seie noko om kva han har gjort som han ikkje skulle. Eg hadde håpa han skulle vere med å ordne opp i saka.

På pressekonferansen i går gav Sanden sin versjon av konflikta med rådmannen.

Langvarig

Konflikta starta etter budsjettarbeidet i desember i kommunen. Rådmannen har vore kalla inn til møte med ordføraren om saka. Der kjende rådmannen seg truga av ein harmdirrande ordførar som ville at rådmannen kom ei oppseiing av stillinga si.

Fleire har teke rådmannen i forsvar etter at konflikta vart kjendt. Men i går var det Sanden sin tur til å kome med sin versjon av saka. Og han slo tilbake på all kritikk.

Ingen sjølvkritikk

Arne Sanden

Arne Sanden meiner han ikkje har gjort noko gale i konflikta med rådmannen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Eg har ikkje dårleg samvit over jobben eg har gjort. Eg har aldri truga eller trakassert rådmannen. Eg meiner han har brote eit tillitsforhold vi hadde, og eg har oppmoda han til å vurdere stillinga si, sa Sanden på pressekonferansen.

- Han har ikkje noko dekning i det politiske miljøet om det han sa. Det er eit reint einmannsutspel. Og det viser vel at ordføraren gjer som han vil sjølv om han får gode råd av det politiske miljøet, seier Marianne Øren, gruppeleiar for Venstre.

Svært uheldig

Også Lars Petter Nesse frå Senterpartiet, som er Sanden sin næraste politiske medarbeider som kommunen sin varaordførar, meinte pressekonferansen ikkje var heldig.

- Ordføraren er samrøystes valt til å styre i samarbeid med kommunestyret. Det er feil at han held pressekonferansen der ingen andre visste kva han ville seie, seier varaordføraren.


Heile formannskapet hadde frårådd Sanden å halde konferansen, og Blåflat hadde ikjke endra syn i etterkant.

Unngjekk problemet

- Det er særs uheldig med ein pressekonferanse, og eg opplevde at ordføraren si orientering ikkje dekkjer problemet, seier gruppeleiar Geir Øverland frå Arbeidarpartiet.
- Kva meiner du er problemet?

- Eg vil ikkje kome nærare inn på det no, seier han.

Ny mekling

Pressekonferanse

Det var få, om nokon, som lot seg imponere over Sanden sin forklaring om konflikta.

Foto: Steinar Lote / NRK

No har varaordførar Lars Petter Nesse fått i oppgåve både frå kommunestyret og frå Sanden om å skape fred og fordragelegheit i rekkene - første sjanse blir fredag.

Då blir det møte mellom dei to striden gjeld, samt varaordførar, assisteande rådmann og meklingspersonane ordførar Torodd Urnes i Luster (Krf) og rådmann Vidar Roseth i Balestrand.

- Vi må få ende på denne konflikten skal det bli fred i rådhuset.