Hopp til innhold

Veteran hardt ut mot eigen ordførar

Tidlegare Lærdal-ordførar: - Arne Sanden bør ikkje vere både partileiar og ordførar i Lærdal.

Knut O. Aarethun

FORNUFTIG: Knut O. Aarethun meiner det vil vere fornuftig om Arne Sanden ikkje held fram både som ordførar og lokallagsleiar.

Foto: Arne Eithun / NRK

- Årsmøtet bør vurdere å avlaste vår kjære ordførar, og om han bør halde fram i verva som både partileiar og ordførar, seier Knut O. Aarethun.

- Må ta slikt på alvor

Den tidlegare fylkesordføraren og ordføraren i Lærdal likar dårleg medieoppslaga dei siste dagane. Der blir Lærdal-ordførar Arne Sanden skulda for svært dårleg personalbehandling:

Både rådmannen og den tidlegare pleie- og omsorgsleiaren skal ha vorte truga til å seie opp stillingane sine. Rådmannen er for tida sjukmeld.

- Det vil vere fornuftig nåde for partiet og partileiinga sin del. Når det dukkar opp så mykje spetakkel, må ein ta det på alvor, seier Aarethun.

- Fleire vurderer å melde seg ut

Partiveteranen meiner situasjonen no er så alvorleg, at fleire vurderer å melde seg ut av lokalpartiet. Han viser til at han i kontakt med folk oppfattar at mange er opprørde over det som skjer rundt ordføraren.

- Og kva meiner du?

- Eg meiner at det av og til er fornuftig at desse rollane blir adskilde.

- Og i dette tilfellet er det det?

- Ja.

Vil ikkje kommentere saka

Arne Sanden

Arne Sanden

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Eg har sjølv laga rabalder då eg sat i ordførarstolen, og skal difor passe kjeften min. Men uansett er ikkje slike ting heldige for personane som er involverte - og spesielt ikkje for partiet, seier Aarethun.

- Kan du sjølv tenkje deg å vere leiar i lokallaget?

- Det skal eg svare på den dagen eg blir spurd. Dersom eg blir spurd.

Ordførar Arne Sanden ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.